«PÅSKESPARKET 2026 «m/ Bjørg Thorhallsdottir,Tore petterson & Huldri

🐣✨ PÅSKESPARKET 2026 – Førde ✨🐣

Kunst, ord, song og blikk , midt i påska!

Påsken 2026 ønskjer me å skape eit heilt spesielt møte i galleriet:
eit påskespark fylt av kunst, nærvær og menneskelege uttrykk for dei som er heime, dei som kjem heim, og dei som vel fellesskap framfor hyttepresset 😉
Medverkande:
🎨 Bjørg Thorhallsdottir
🎶 Tore Petterson
🌿 huldri (vert og medskapande)
🌸 Kva er Påskesparket?
Påskesparket 2026 er tenkt som ei fleirdelt oppleving gjennom dagen/kvelden – der ulike kunstuttrykk flettar seg naturleg i kvarandre:
• 🎤 Føredrag / samtale
• 🎨 Kunstutstilling og sal – Bjørg Thorhallsdottir
• 🎶 «Maol, Sup og Sang» – Tore Petterson & huldri
Publikum kan kome og gå, lytte, delta, vere stille eller vere sosiale.
Dette er eit lågterskel arrangement, men med høg kunstnarleg og menneskeleg kvalitet.
🌿 Om dei medverkande:
Bjørg Thorhallsdottir er ein av Noregs mest folkekjære kunstnarar og formidlarar, kjend for eit sterkt, sårbart og livsnært uttrykk i både biletkunst og ord. Kunsten hennar når breitt og djupt.
Tore Petterson er musikar, låtskrivar og formidlar, kjend for varme, humor og eit sterkt nærvær i møte med publikum. Gjennom song, historier og improvisasjon skapar han rom for både latter og ettertanke.
huldri er vertskap med galleri, måleri, ord og rom for fellesskap.
🤍 Intensjonen:
Påskesparket er ikkje eit stort show.
Det er eit møte.
Ein stad å lande.
Ein stad å lytte.
Ein stad der kunst får vere menneskeleg og menneske får vere seg sjølve!
– «Maol Og Sup» kl. 14.30- 17.30
– Utstilling : 11-.00 og ut dagen/ kvelden🩷
– Føredrag: 18.30
– Pris på » Maol,Sup og Sang» m/ Tore&huldri + Føredrag&kunstutstilling M/ Bjørg Thorhallsdottir: 820,-
– Pris på : «Maol,Sup og Sang» : 650,-
– Pris på: Føredrag & kunstutstilling : 280,-

– Påmelding HER : huldrigalleri@gmail.com
(Bindande påmelding )

Kjærleik frå Huldri