Berit Håpoldøy & Erlend Styve

KONSERT 
Berit Håpoldøy og Erlend Styve har dei siste åra hatt eit tett musikalsk samarbeid, og har spela ei rekkje konsertar saman. Dei deler ei sterk kjærleik til populærmusikken frå 50- og 60-talet, og det er nett frå denne musikalske skattkista dei hentar inspirasjonen sin. På konsertane kan du få høyra låtar av mellom andre Everly Brothers, Elvis Presley, Jim Reeves, Salhuskvintetten og Ivar Medaas – for å nemna nokre. Når stemninga ligg til rette, tek Berit også fram toraderen på utvalde låtar.
Berit Håpoldøy kjem frå Herdla. Ho syng og spelar gitar og toradar, og dei siste ti åra har musikken vore levebrødet hennar. Ho jobbar mykje med allsonggrupper for eldre og personar med demens, men òg innan rusomsorg og for menneske med funksjonsnedsetjing. I seinare tid har ho vore involvert i storprosjektet «Skumringstimen», starta av GC Rieber Fondene, der ein kartlegg kva helsemessig effekt musikk kan ha for desse gruppene.
Erlend Styve er frå Voss og syng og spelar gitar. Han har vore aktiv utøvande musikar i ei årrekkje, med ei rekkje ulike prosjekt bak seg. I over 20 år har han drive sin eigen trio «Twang Gang», og folkemusikkgruppa «Kvarts», som han har mottatt to spelemannsprisar med. Han er òg musikar i Heine Totland sitt band, og har elles samarbeidd med artistar som Olav Stedje, Finn Tokvam og Jonas Fjeld.
Døra open frå 18.00, konsert 19.00!
60 eksklusive plassar
Ta kontakt: huldrigalleri@
Kjøp billett HER: https://huldri.ticketco.events/…/berit_haapoldoy__erlnd…
Kjærleik frå huldri 

